10. Var det ikkje du ¬som turrla sjøen,som turka ut vatnet ¬i det store djupog gjorde havbotnen til veg,så det frelste folket ¬kunne fara der?
11. Herrens utløyste ¬skal venda heim att.Dei skal koma til Sion ¬med fagnadrop,med evig glede om si panne.Fryd og glede skal møta dei,sorg og sukk må røma.
12. Eg er den som trøystar dykk.Kven er då dusom reddast menneske ¬som må døy,menneskeborn som visnar ¬liksom graset?
13. Kvifor gløymer du Herren, ¬din skapar,han som spente ut himmelenog grunnfeste jorda?Kvifor skjelv du støtt, ¬heile dagen,for valdsmanns heite harmenår han siktar på å tyna deg?Kvar vert det vel ¬av hans harme?
14. Snart skal den bundne ¬sleppa fri;han skal ikkje døy og gå i grav,og ikkje skal han vanta brød.
15. Eg er Herren din Gud,som rører opp havet, ¬så bårene brusar.Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.