7. Herren min Gud ¬kjem meg til hjelp;difor skjemmest eg ikkje.Difor gjer eg andletet ¬hardt som flint,og eg veit at eg ikkje ¬vert til skammar.
8. Han er nær,han som hjelper meg ¬til min rett.Kven vil føra sak mot meg?Lat oss møtast for retten!Kven er min motpart?Lat han stiga fram!
9. Sjå, Herren min Gud ¬kjem meg til hjelp.Kven vil døma meg skuldig?Dei vert alle utslitne ¬som ein kledning,mòl skal eta dei opp.
10. Dei av dykk ¬som har age for Herren,skal høyra på hans tenar.Den som ferdast i mørkerog ikkje ser det minste ljos,han kan lita på Herrens namnog stø seg til sin Gud.
11. Men de som kveikjer opp eldog skyt brannpiler ¬til alle kantar,gå inn i den logande elden,mellom pilene ¬som de har kveikt!Frå mi hand ¬kjem dette over dykk,i pinsle skal de liggja.