21. Ve dei som er vise ¬i eigne augoog kloke i eigne tankar!
22. Ve dei som er heltar ¬– til å drikka vin,og djerve karar ¬– til å blanda sterk drikk,
23. som frikjenner den skuldige ¬for pengarog ikkje lèt den skuldlause ¬få sin rett!
24. Difor, liksom eld øyder halm,og høy sig saman i logen,så skal rota deira rotnaog blomen føykjast bort ¬som støv.For dei har vraka lov og lærefrå Herren, Allhærs Gud,og vanvørdt ordet ¬frå Israels Heilage.
25. Difor logar Herrens vreide ¬mot folket hans.Han retter ut handa og slår det,så fjella skjelv, ¬og lika ligg som avfall i gata.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.