Jesaja 49:12-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Sjå, langt bortanfrå kjem dei,somme frå nord ¬og somme frå vestog somme frå Sinim-landet.

13. Jubla, du himmel, ¬og fegnast, du jord!Set i med glederop, de fjell!For Herren trøystar sitt folk,han viser miskunn ¬mot sine armingar.

14. Men Sion seier:«Herren har forlate meg,min Gud har gløymt meg.»

15. Gløymer vel ei kvinne ¬brystbarnet sitt,har ho ikkje medkjensle ¬med den son ho fødde?Og om ei mor kan gløyma,så gløymer ikkje eg deg.

16. Sjå, eg har teikna deg ¬i mine hender,dine murar har eg ¬alltid for auga.

17. Dei som skal byggja deg, ¬skundar seg hit,og dei som reiv ned ¬og la deg i øyde,fer bort ifrå deg.

Jesaja 49