Jesaja 44:18-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Slike folk er utan vit og skjøn. Augo deira er attklinte, så dei ikkje ser, og hjarto deira harde, så dei ikkje skjønar.

19. Mannen tenkjer seg ikkje om og har ikkje klokskap og skjøn nok til å seia: «Halvparten av treet brende eg opp. På glørne steikte eg brød og kjøt og åt. Og så skulle eg laga resten til eit ufyseleg bilete og bøya kne for ein trekubbe!»

20. Berre oske er det han jagar etter. Eit dåra hjarta har ført han vilt, så han ikkje bergar seg og seier: «Er det ikkje lygn det eg held i mi høgre hand?»

21. Kom dette i hug, Jakob,kom det i hug, Israel!For du er min tenar.Eg har skapt deg, ¬du er min tenar,du er ikkje gløymd av meg, ¬Israel.

22. Eg stryk bort dine brot ¬som ei skoddog dine synder som ei sky.Vend om til meg, ¬eg løyser deg ut!

23. Jubla, du himmel,for Herren har gripe inn.Rop av fryd, de jordedjup!Bryt ut i jubel, alle fjell,du skog med alle dine tre!For Herren løyser ut Jakobog syner sin herlegdom ¬på Israel.

24. Så seier Herren, din utløysar,han som skapte deg i mors liv:Eg er Herren som gjorde alt;himmelen spente eg ut åleine,og jorda breidde eg ut ¬utan hjelp.

25. Eg gjer teikna ¬åt varseltydarane til inkjesog lèt spåmennene verta ¬til narr.Eg får vismenn til å tagna,gjer deira visdom til dårskap.

26. Men eg stadfester orda ¬åt mine tenararog gjennomfører den plansom mine sendebod ¬forkynner.Eg seier om Jerusalem:«Der skal det bu folk,»og om byane i Juda:«Dei skal byggjast opp att;eg skal reisa det ¬som ligg i røys.»

27. Eg seier til havdjupet: ¬«Torna!Dine straumar turkar eg ut.»

Jesaja 44