11. Eg, ja eg er Herren,og utan meg ¬finst det ingen frelsar.
12. Det er eg ¬som har kunngjort dette,eg har frelst og gjort det kjent;ingen framand gud ¬har gjort det.De er mine vitne, seier Herren.Eg er Gud,
13. og det er eg frå æve av.Ingen kan riva ut or mi hand.Det eg gjer, ¬kan ingen gjera ugjort.
14. Så seier Herren,dykkar utløysar, ¬Israels Heilage:For dykkar skuld ¬sender eg bod til Babylonog bryt ned alle bommane der;då vert kaldearjubelen ¬til klageskrik.
15. Eg er Herren, dykkar Heilage,Israels skapar, dykkar konge.
16. Så seier Herren,han som gjorde veg ¬gjennom sjøen,ein stig i det veldige vatnet,
17. som førte hestar og vogner,hær og hovdingar uti.Der vart dei liggjande ¬og reiste seg ikkje,dei slokna som ein veik.