Jesaja 42:10-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Syng ein ny song for Herren,lovsyng han ¬frå heimsens endar,de som ferdast på havet,og alt som fyller det,de øyar og strenderog de som bur der!

11. Øydemarka med sine byar ¬skal syngja,landsbyane der Kedar held til.Dei som bur på fjellet, ¬skal jubla,frå fjelltoppane ¬skal dei ropa høgt.

12. Dei skal gje Herren ære,forkynna hans pris ¬på øyar og strender.

13. Herren dreg ut som ei kjempe;han eggjar sin stridshug ¬som ein krigar,lèt hærropet ljomaog viser sin styrke på fiendane:

14. I lange tider ¬har eg halde meg i ro,eg har tagt og tøymt meg sjølv.No skrik eg ¬som ei fødande kvinne,eg frøser og syp etter anden.

15. Eg vil gjera fjell og haugar audeog svi av alt grønt på dei.Elvar vil eg gjera til turt land,og myrar vil eg leggja turre.

16. Blinde vil eg førapå ein veg dei ikkje kjenner,på ukjende stigar vil ¬eg leia dei.Mørkret framføre dei ¬vil eg gjera til ljosog ulendt mark til slette.Dette er det eg vil gjera,og ingen ting skal vera ugjort.

Jesaja 42