Jesaja 34:2-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. For Herren er harm på alle folk,han er vreid på heile deira hær.Han har bannstøytt deiog gjeve dei til slakting.

3. Dei drepne vert slengde ¬til sides;teven stig frå lika,og blodet renn på fjella.

4. Heile himmelhæren ¬går i oppløysing,himmelen vert ihoprulla ¬som ein bokrull.Heile hans hær skal visnasom lauvet på vintreet visnar,og frukta på fikentreet ¬turkar inn.

5. Når sverdet mitt har sløktsin torste på himmelen,då fer det ned over Edom,det folk eg har bannlyst ¬og dømt.

6. Herrens sverd er fullt av blod,det er metta med feitt,med blod av lam og bukkar,med nyrefeitt av verar.For Herren held offerslakting ¬i Bosra,ei stor nedslakting i Edom.

Jesaja 34