Jesaja 32:5-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Dåren skal ikkje lenger ¬kallast gjævog skarven ikkje ein ¬adelsmann.

6. For ein dåre talar dårskap,i sitt hjarta ¬legg han vonde planar:Han vil gjera gudlaus gjerning,tala vilt og vrangt mot Herren,la den sveltande sakna matog den tyrstande vanta drikke.

7. Skarvens våpen er vonde,han legg skamlege planar.Han vil skada dei hjelpelause ¬med lygn,og dei fattige ¬om dei hevdar sin rett.

8. Men gjæv mann ¬legg gjæve planar,han står fast ¬på det som er gjævt.

9. De sorglause kvinner, ¬stå opp, høyr mi røyst!De trygge døtrer, ¬vend øyra til min tale!

10. År etter år skal de skjelva, ¬de trygge;for vinhausten slår feil,og det kjem ingen frukthaust.

11. Skjelv, de sorglause kvinner,ja, skjelv av redsle, de trygge!Kled dykk nakne,bind syrgjeplagg om hoftene!

12. Slå dykk for bringa, ¬lat klagerop lydaover fagre marker ¬og gode vintre,

13. over åkrane åt folket mitt,der torn og tistel skyt opp,ja, over kvar lukkeleg heimi den jublande byen!

Jesaja 32