Jesaja 31:2-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Men han òg er vis ¬og lèt ulukka koma,sine ord tek han ikkje att.Han reiser seg mot flokken ¬av dei som gjer vondt,mot ugjerningsmenn ¬som kjem med hjelp.

3. Egyptarane er menneske ¬og ikkje Gud,deira hestar er kjøt og ¬ikkje ånd.Når Herren retter ut si hand,skal hjelparen snåva,og den som har fått hjelp, falla;og alle skal dei gå til grunne.

4. For så har Herren sagt til meg:Liksom løva, den unge løva,knurrar over sitt rovog ikkje vert skræmd ¬av gjætarars ropeller dukkar seg ned ¬når dei bråkar,om heile flokken samlar seg ¬mot henne,såleis skal Herren, ¬Allhærs Gud,stiga ned og stridapå Sions fjell og haug.

5. Liksom fuglane ¬breier ut sine venger,skal Herren, Allhærs Gud,verna om Jerusalem.Han skal verna og berga,skåna og fria ut.

6. Vend om, de Israels søner,til han de fall så djupt ifrå!

7. Den dagen skal de alle ¬kasta frå dykkavgudane av sølv og gull,som de sjølve har laga ¬– til synd.

Jesaja 31