24. Oksane og esla som arbeider på åkeren, får eta salta blandingsfôr som vert kasta fram med skuffel og greip.
25. På alle høge fjell og alle store haugar skal det vera rennande bekker, på den store drapsdagen, når tårna fell.
26. Månen skal lysa som sola, og solljoset skal verta sju gonger så sterkt – som ljoset for sju dagar, når Herren lækjer den skaden folket hans har fått, og fetlar det djupe såret deira.
27. Sjå, langt bortanfrå ¬kjem Herrenmed brennande vreide, ¬i alt sitt velde.Hans lipper dirrar av harme,hans tunge er ¬som øydande eld.
28. Hans pust ¬er lik ei fløymande elvsom når heilt opp til halsen.Han legg eit tyningsåk ¬på folkeslaga,eit villføringsbeisel ¬i munnen på folka.
29. Då skal de syngjasom den natt ¬då høgtida vert innvigd,de skal jubla av gledesom når de går med fløytespeltil Israels Berg på Herrens fjell.
30. Si mektige røyst ¬lèt Herren ljomaog syner korleis ¬hans arm slår nedmed brennande vreide ¬og øydande eld,med storm og styrtregn ¬og kraftig hagl.
31. Ja, Assur skal skjelva av redslenår Herrens røyst lyder,når han slår med staven.