Jesaja 29:8-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Då går det ¬som når den svoltne ¬drøymerog tykkjer at han får mat:Når han vaknar, ¬er han like svolten.Det går som når ¬den tyrste drøymerog tykkjer at han drikk;han vaknar maktlaus og tyrst.Så går det ¬med dei mange folkeslagsom strider mot Sion-fjellet.

9. Stir på kvarandre, ¬fulle av undring,lat augo klinast att, ¬og ver blinde!Drikk dykk drukne, ¬men ikkje av vin,og rag ikring, ¬men ikkje av rusdrikk!

10. For Herren har rent ut ¬over dykkei ånd som valdar tung svevn.Han har late att augo dykkar ¬– profetane,og sveipt hovuda dykkar ¬– sjåarane.

11. Såleis har alle syner vorte dykk som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som skjønar skrift, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg kan ikkje, ho er forsegla.»

Jesaja 29