Jesaja 29:3-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Eg lèt hæren min ¬kringsetja deg,kasta opp vollar ikring degog reisa skansar mot deg.

4. Då skal du bøyast ¬og tala frå jorda,mulla fram dine ord frå støvet.Di røyst skal stiga ¬som daudingmål,dine ord skal koma ¬som kviskring frå molda.

5. Men så vert flokken ¬av dine fiendarsom fint støvog hopen av valdsmenn ¬som fykande agner.Brått, i ein augneblink,

6. kjem straffa frå Herren, ¬Allhærs Gud,med bulder og brak ¬og veldig døn,med vindkast, ¬storm og øydande eld.

7. Som ein draum, ¬som eit syn om natta,vert dei borte, ¬dei mange folkeslagsom strider mot Ariel,som går til åtak ¬på byen og borgaog fører trengsle over han.

8. Då går det ¬som når den svoltne ¬drøymerog tykkjer at han får mat:Når han vaknar, ¬er han like svolten.Det går som når ¬den tyrste drøymerog tykkjer at han drikk;han vaknar maktlaus og tyrst.Så går det ¬med dei mange folkeslagsom strider mot Sion-fjellet.

9. Stir på kvarandre, ¬fulle av undring,lat augo klinast att, ¬og ver blinde!Drikk dykk drukne, ¬men ikkje av vin,og rag ikring, ¬men ikkje av rusdrikk!

Jesaja 29