1. Domsord mot det aude landet ved havet. Som stormkast ¬fylgjer på stormkast i Negev,så kjem det frå øydemarka,frå landet der redsle rår.
2. Eit fælsleg syn har eg fått sjå:Ransmenn ranar, ¬og hærmenn herjar.«Rykk fram, du Elam!Gå til strid, du Media!Kvar sukk gjer eg ende på.»
3. Difor skjelv mine hofter,eg vrid meg i verk ¬som ei fødande kvinne.Eg er så rådlaus ¬at eg ikkje kan høyra,så skjelvande redd ¬at eg ikkje kan sjå.
4. Min hug er fortumla,eg skjelv av redsle.Skumringa ¬som eg stunda etter,er no min skrekk.
5. Dei dukar bord ¬og breier ut teppe,dei et og drikk.«Reis dykk, hovdingar,smør olje på skjold!»
6. For så har Herren sagt til meg:«Gå og set ut ein vaktpost!Det han ser, skal han melda!
7. Ser han eit tog ¬med vogner og hestar,eit tog av esel, ¬eit tog av kamelar,då skal han lyda etter,lyda vel etter.»