Jesaja 2:4-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Han skal døma ¬mellom folkeslaga,skifta rett for mange folk.Då skal dei smida sverda sine ¬om til plogjernog spyda sine til vingardsknivar.Folk skal ikkje meir ¬lyfta sverd mot folkog ikkje lenger læra å føra krig.

5. Kom, Jakobs ætt,lat oss ferdast i Herrens ljos!

6. Du har støytt frå deg folket ditt, ¬Jakobs ætt.For dei fer med kunster ¬som folket i Austerland,driv med spådom ¬som filistaraneog gjev handslag ¬til framande folk.

7. Landet deira er fullt ¬av sølv og gull,det er ingen ende ¬på skattane deira.Landet deira er fullt av hestar,det er ingen ende ¬på vognene deira.

8. Landet deira er fullt ¬av avgudar;dei bøyer seg og tilbeddet dei har laga ¬med eigne hender,det dei har gjort ¬med eigne fingrar.

9. Då skal mennesket bøyastog mannen audmykjast.Tilgjev dei ikkje!

10. Fly inn i fjellet, ¬gøym deg i jordafor Herren som vekkjer redsle,og for hans stordom og velde!

11. Mannen må slå ¬sine stolte augo ned,og det hovmodige mennesket ¬vert bøygt.Einast Herren er høg den ¬dagen.

Jesaja 2