Jesaja 18:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ve deg, land, ¬der venger svirrar,bortanfor elvane i Nubia,

2. du som sender bodberarar ¬over sjøen,med sevbåtar over vatnet!Gå, de snøgge sendemenn,til det høgvaksne folket ¬med glinsande hud,til folket dei ottast vide ikring,det sterke folket ¬som trakkar ned andre,i eit land som er gjennomskore ¬av elvar.

3. Alle de som lever på jorda,som byggjer og bur ¬ikring i landa,sjå opp når dei lyfter ¬samlingsmerket på fjell,høyr etter når dei blæs i horn!

Jesaja 18