8. Ja, Hesjbons vingardar ¬har turka bort,vintrea i Sibma står visne.Dei raude druene ¬som voks der,vart slegne til jorda ¬av herrar over folkeslag.Vintrea nådde heilt til Jaserog spreidde seg ut ¬i øydemarka.Rankene strekte seg vidt ikringog nådde ut over sjøen.
9. Difor græt eg med Jaserover vintrea i Sibma.Eg vatnar deg med ¬tårene mine,Hesjbon og El’ale.For over di frukt og di grødelèt fienden krigsropet ljoma.
10. Glede og jubel ¬har kvorve frå hagane.Det er ingen som jublar ¬i vingardane,der lyder ikkje glederop.Ingen trakkar druer ¬i vinpressene,dei glade rop er stilna.
11. Difor bivrar mitt brystsom lyrestrenger for Moab;mitt hjarta bivrar for ¬Kir-Heres.