Jesaja 13:6-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Set i med klagerop,for Herrens dag er nær.Han kjem med øydeleggingfrå Den Allmektige.

7. Difor sig alle hender,kvart menneske misser motet.

8. Dei vert gripne av redsle.Ve og verk kjem over dei,dei vrid seg ¬som ei fødande kvinne.Mållause stirer dei ¬på kvarandre,eldraude er dei i andletet.

9. Sjå, full av gru er Herrens dag,han kjem med harme ¬og brennande vreide.Han skal gjera jorda audog rydja ut syndarane der.

10. For stjernene og stjernebileta ¬på himmelenlèt ikkje ljoset sitt skina.Mørk er sola når ho renn,og månen lyser ikkje.

11. Eg vil straffa jorda ¬for hennar vondskapog dei gudlause ¬for deira misgjerning.Eg gjer ende ¬på dei store og stolteog bøyer hovmodige ¬valdsmenn.

12. Eg gjer folk meir sjeldne ¬enn reint gull,menneske meir sjeldne ¬enn gull frå Ofir.

Jesaja 13