3. Han skal ha sin hugnad ¬i age for Herren.Han skal ikkje døma ¬etter det han ser,og ikkje skifta rett ¬etter det han høyrer.
4. Han skal døma armingar ¬med rettferd,fella rettvis dom ¬for dei verjelause i landet.Han skal slå valdsmenn ¬med riset i sin munnog drepa dei gudlause ¬med anden frå sine lipper.
5. Rettferd skal vera ¬beltet om livetog truskap ¬beltet om hoftene hans.
6. Då skal ulven bu saman ¬med lammet,og leoparden liggja i lag ¬med kjeet.Kalv og ungløve ¬skal beita saman,og ein smågut skal gjæta dei.
7. Ku og bjørn skal gå og beita,ungane deira skal liggja i lag,og løva skal eta halm ¬som oksen.