59. Dette er det påbodet profeten Jeremia gav Seraja, son til Neria Maksejason, då han fór til Babylonia saman med Juda-kongen Sidkia, i det fjerde året han var konge. Det var Seraja som sytte for herberge.
60. Jeremia hadde skrive opp i ei bok all den ulukka som skulle koma over Babylon. Det er alle dei orda som her er skrivne om byen.
61. Jeremia sa til Seraja: Når du kjem til Babylon, skal du syta for å lesa opp alt dette.
62. Du skal seia: «Herre, du har tala mot denne staden og truga med å øydeleggja han, så ingen kan bu der, korkje folk eller fe. Han skal verta ei audn for alltid.»