Jeremia 51:54-59 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

54. Høyr skriket som lyder ¬frå Babylonia,eit veldig brak ¬frå Kaldearlandet.

55. Det er Herren ¬som øydelegg Babyloniaog gjer ende på alt ståket ¬i landet.Bylgjer brusar ¬som ein mektig flaum,det høyrest dur og drøn frå dei.

56. For mot Babylonia kjem detein fiende som herjar;krigarane der ¬vert tekne til fangeog bogane deira brotne.For Herren er ein Gud ¬som gjev attergjeld,i fullt mål gjev han att.

57. Eg gjer deira hovdingar ¬og vismenn drukne,deira statthaldarar, ¬styresmenn ¬og krigarar med.Dei skal falla i ein evig svevn,som dei ikkje vaknar or, ¬seier Kongen– Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

58. Så seier Herren, Allhærs Gud:Dei tjukke murane ¬kring Babylonskal rivast til grunnenog dei høge portane brennast.Så har folka ingenting att ¬for sitt strev,det ætter har stridt med, ¬går opp i logar.

59. Dette er det påbodet profeten Jeremia gav Seraja, son til Neria Maksejason, då han fór til Babylonia saman med Juda-kongen Sidkia, i det fjerde året han var konge. Det var Seraja som sytte for herberge.

Jeremia 51