Jeremia 51:47-56 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

47. Sjå, difor skal dagar komadå eg heimsøkjer gudebileta ¬i Babylonia,så heile landet vert ¬til skammar,og alle mennene ¬vert drepne og fell.

48. Himmel og jord ¬og alt som i dei er,skal triumfera over Babylon,når folk frå nord ¬dreg fram mot byenog herjar han,lyder ordet frå Herren.

49. Babylon må fallatil hemn for dei drepne i Israel,liksom folk over heile jordavart drepne og fall ¬for Babylon skuld.

50. De som slapp unna sverdet,far av stad, stans ikkje her!Kom Herren i hug ¬i landet langt borte,og ha omtanke for Jerusalem!

51. «Vi skjemmest, ¬for vi fekk høyra spottord,andletet vårt er raudt av skam;for framande har trengt inni heilagdomen, Herrens hus.»

52. Difor skal dagar koma, ¬seier Herren,då eg heimsøkjer gudebileta ¬i Babylonia;i heile landet ¬skal såra menner stynja.

53. Om Babel stig opp ¬til himmelenog gjer si høgborg utilgjengeleg,skal eg senda folk ¬som herjar henne,lyder ordet frå Herren.

54. Høyr skriket som lyder ¬frå Babylonia,eit veldig brak ¬frå Kaldearlandet.

55. Det er Herren ¬som øydelegg Babyloniaog gjer ende på alt ståket ¬i landet.Bylgjer brusar ¬som ein mektig flaum,det høyrest dur og drøn frå dei.

56. For mot Babylonia kjem detein fiende som herjar;krigarane der ¬vert tekne til fangeog bogane deira brotne.For Herren er ein Gud ¬som gjev attergjeld,i fullt mål gjev han att.

Jeremia 51