36. Difor seier Herren:Sjå, eg fører di sakog fullfører hemnen for deg.Eg legg elva i Babylonia turrog turkar ut hennar kjelder.
37. Babylon skal verta ei steinrøys,ein tilhaldsstad for sjakalar,ein stad til skræmsle og spott,der ingen kan bu.
38. Dei brøler alle som unge løverog knurrar som løveungar.
39. Når dei brenn av lyst,steller eg til eit drikkelag ¬for dei.Eg gjer dei så drukne ¬at dei sovnar;dei fell i ein evig svevn,som dei ikkje skal vakna or,lyder ordet frå Herren.
40. Eg fører dei til slakting ¬som lam,som verar og bukkar.