10. Herren har synt ¬at vi var skuldlause.Kom, lat oss fortelja på Sionkva Herren vår Gud har gjort.
11. «Gjer pilene kvasse, ¬fyll pilehusa!»Herren har eggja ¬medarkongen;for han aktar ¬å øydeleggja Babylon.Det er Herrens hemn,han vil hemna sitt tempel.
12. Lyft fana mot Babylons murar,gjer vakthaldet sterkare,set ut vakterog legg nokre i bakhald!For Herren har tenkt ut ¬ein planog set i verk det han har talamot folket i Babylon.
13. Du som bur ¬ved dei store elvaneog er så rik på skattar,no er enden komen for deg,din livstråd skal skjerast av.
14. Herren, Allhærs Gud,har svore ved seg sjølv:Eg skal fylla deg ¬med menneske,tallause som ¬ein grashoppesverm.Dei skal setja i med jubelrop ¬mot deg.