Jeremia 50:30-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Difor skal dei unge ¬mennene derfalla på torga,alle stridsmennene vert tynte ¬den dagen,lyder ordet frå Herren.

31. Eg kjem over deg, ¬du skamlause,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.For no er dagen komen for deg,den tid då eg krev deg ¬til rekneskap.

32. Den skamlause skal snåva ¬og falla,og ingen skal reisa han opp.Eg set eld på byane hans,og han skal øyda alt ikring.

33. Så seier Herren, Allhærs Gud:Israels-sønene er trælkaog Juda-sønene saman ¬med dei.Alle som førte dei ¬i fangenskap,held dei fast ¬og slepper dei ikkje.

34. Men deira utløysar er sterk.Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.Han vil føra deira sakog gje jorda ro,men valda urofor dei som bur i Babylonia.

35. Sverd mot kaldearane! ¬seier Herren.Sverd mot dei ¬som bur i Babylonia,mot hovdingane ¬og vismennene i landet!

36. Sverd mot varseltydarane!Dei skal stå der som dårar.Sverd mot krigarane i byen!Dei skal missa motet.

Jeremia 50