Jeremia 5:12-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Dei fornektar Herren og seier:«Han gjer ingen ting.Ulukka kjem ikkje over oss,sverd og svolt skal vi ikkje sjå.

13. Profetane skal verta til vind;Herrens ord er ikkje i dei,difor skal det gå dei så.»

14. Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud:Sidan de talar slike ord,gjer eg mine ord i din munn ¬til eldog dette folket til vedsom elden skal øyda.

15. No sender eg mot dykk, ¬Israels ætt,eit folk som kjem ¬langt bortanfrå,lyder ordet frå Herren.Det er eit folk ¬som ingen vinn over,eit folk frå gamal tid.Du kjenner ikkje språket deiraog skjønar ikkje kva dei seier.

16. Deira pilehus er ¬som ei open grav,kjemper er dei alle.

17. Dei et opp ditt korn og brød,dei et dine søner og døtrer,dei et opp ditt småfe og storfe,dei et dine vintre og fikentre.Dine festningsbyar ¬som du lit på,skal dei øyda med sverd.

18. Men jamvel i dei dagane, lyder ordet frå Herren, vil eg ikkje reint gjera ende på dykk.

19. Og når de spør: «Kvifor har Herren vår Gud gjort alt dette med oss?» skal du svara dei: «Liksom de gjekk bort frå meg og dyrka framande gudar i dykkar eige land, skal de no tena framande i eit land som ikkje høyrer dykk til.»

20. Kunngjer dette i Jakobs ætt,og rop det ut i Juda:

21. Høyr dette, du uvituge folksom ikkje eig skjøn,som har augo, men ikkje ser,og øyro, men ikkje høyrer.

Jeremia 5