Jeremia 44:5-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til, så dei kunne snu om frå vondskapen sin og halda opp med å brenna offer for andre gudar.

6. Difor loga harmen og vreiden min opp og gjekk ut over byane i Juda og gatene i Jerusalem, så dei vart til steinrøysar og øydemark, som dei er det i dag.

7. Og no seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Kvifor gjer de så vondt mot dykk sjølve at de lèt menn og kvinner, born og spedborn rydjast ut or Juda, så de ikkje skal ha ein rest att?

8. De harmar meg med det de gjer, når de ofrar til andre gudar i Egypt, dit de fór og ville bu som innflyttarar. Såleis kjem de til å rydja ut dykk sjølve og verta til forbanning og spott mellom alle folkeslag på jorda.

9. Har de gløymt det vonde som fedrane dykkar gjorde, det vonde som Juda-kongane og kvinnene deira har gjort, og det vonde som de og kvinnene dykkar har gjort i Juda og på gatene i Jerusalem?

10. Dei har ikkje late seg audmykja til denne dag. Dei ottast ikkje og har ikkje fylgt mi lov og mine føreskrifter, som eg har lagt fram for dykk og fedrane dykkar.

11. Difor seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No vender eg augo mot dykk. Eg vil senda ulukke og rydja ut heile Juda.

Jeremia 44