Jeremia 32:26-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

27. Eg er Herren, all skapnings Gud. Skulle noko vera umogeleg for meg?

28. Difor, seier Herren, gjev eg denne byen i hendene på kaldearane, i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, og han skal ta han.

29. Kaldearane som strider mot byen, skal koma inn og setja eld på han; dei skal brenna alle husa der folk ofra på taka til Ba’al og rende ut drikkoffer for andre gudar og såleis gjorde meg harm.

30. For heilt frå sin ungdom har israelittane og judearane berre gjort det som vondt er i mine augo. Ja, israelittane har ikkje gjort anna enn harma meg med bileta dei har laga, seier Herren.

31. Denne byen har gjort meg vreid og harm heilt frå den tid dei bygde han og fram til denne dag. Eg vil ha han bort frå mitt åsyn;

32. for israelittane og judearane har gjort så mykje vondt og harma meg, både dei og kongane og hovdingane deira, prestane og profetane deira, Juda-mennene og Jerusalems-buane.

33. Dei snudde ryggen til meg og ikkje andletet, og endå eg lærte dei opp både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra på meg og tok ikkje lærdom av det.

Jeremia 32