1. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:
2. Så seier Herren, Israels Gud: Skriv opp i ei bok alle dei orda eg har tala til deg!
3. For dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg vender lagnaden for folket mitt, Israel og Juda, seier Herren, og fører dei heim att til det landet eg gav fedrane deira, så dei kan få det att.
4. Dette er dei orda som Herren har tala om Israel og Juda:
5. Så seier Herren:Vi høyrer eit rop av angst,det er redsle som rår, ¬og ingen fred.
6. Berre spør deg føre og sjåom ein mann kan føda born!Kvifor ser eg då at alle mennheld hendene på hoftenelik kvinner som skal føda,at kvart andlet ¬er omskift og bleikt?