Jeremia 29:21-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, om Akab Kolajason og om Sidkia Ma’asejason, som spår lygn for dykk i mitt namn: Eg gjev dei i hendene på Nebukadnesar, babylonarkongen, og han skal drepa dei for augo på dykk.

22. Og etter dei skal dei laga ei forbanning, alle dei bortførte frå Juda som er i Babylonia, og seia: «Gjev Herren må gjera med deg som med Sidkia og Akab, som babylonarkongen steikte på bålet!»

23. For dei gjorde eit skjemdarverk i Israel då dei dreiv hor med konene åt landsmennene sine og tala falske ord i mitt namn; det hadde eg ikkje sett dei til. Eg veit det og kan vitna om det, lyder ordet frå Herren.

24. Til Sjemaja frå Neklam skal du seia:

25. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: I ditt eige namn har du sendt brev til alt folket i Jerusalem, til presten Sefanja Ma’asejason og til alle dei andre prestane:

26. Herren har sett deg til prest etter Jojada, så du kan vera tilsynsmann i Herrens hus og sjå etter alle dei som er frå vitet og driv og spår; du skal setja dei i blokk og halsjern.

27. Kvifor talar du då ikkje Jeremia frå Anatot til rettes, han som driv og profeterer for dykk?

Jeremia 29