Jeremia 28:11-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Og Hananja sa, medan alt folket høyrde på: «Så seier Herren: Såleis vil eg, før to år er lidne, bryta babylonarkongen Nebukadnesars åk og ta det av nakken på alle folka.» Då gjekk profeten Jeremia sin veg.

12. Men etter at profeten Hananja hadde teke åket av nakken på Jeremia og brote det sund, kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

13. Gå og sei til Hananja: Så seier Herren: Eit treåk har du brote sund. Men eit jernåk skal du laga i staden.

14. For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Eit jernåk legg eg over nakken på alle desse folkeslaga, så dei skal tena Nebukadnesar, babylonarkongen, og træla under han. Jamvel villdyra på marka gjev eg over til han.

Jeremia 28