8. Når folk frå mange land fer framom byen, skal dei spørja kvarandre: «Kvifor har Herren fare såleis åt med denne store byen?»
9. Og dei skal få til svar: «Fordi dei vende seg frå pakta med Herren sin Gud og tilbad og dyrka andre gudar.»
10. Gråt ikkje over den døde,ver ikkje med og syrg ¬over han!Gråt heller over han ¬som fór bort,for han skal ikkje koma att,han får aldri meir ¬sjå sitt fødeland.
11. For så seier Herren om Juda-kongen Sjallum, son til Josjia, han som vart konge etter Josjia, far sin:Han som fór bort ¬frå denne staden,skal aldri koma att.
12. For han skal døy på den stadendei førte han bort til ¬som fange;og dette landet ¬skal han aldri meir få sjå.
13. Ve han som byggjer sitt hus ¬med urett,sine høgsalar med urettferd,han som lèt sin landsmann ¬træla for inkjeog ikkje gjev han ¬den løn han skal ha.