Jeremia 21:9-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Den som vert verande her i byen, skal døy for sverd, av svolt og i pest. Men den som går ut og gjev seg over til kaldearane, som kringset dykk, skal koma frå det og berga livet.

10. For eg vender augo mot denne byen og vil senda ulukke og ikkje lukke, lyder ordet frå Herren. Byen skal gjevast i hendene på babylonarkongen, og han skal setja eld på han.

11. Om kongehuset i Juda.

12. Høyr Herrens ord, ¬du Davids ætt!Så seier Herren:Døm rettferdig kvar morgon,fri den som er rana, ¬or valdsmannens hand.Elles skal harmen min ¬loga som eldog brenna ¬utan at nokon sløkkjerfor alt det vonde de har gjort.

13. No kjem eg mot deg,du by som tronar over dalen,du berg på sletta,lyder ordet frå Herren.De seier:«Kven kan koma ned mot ossog trengja inn i våre ¬bustader?»

14. Men eg vil straffa dykk,det er frukta ¬av dykkar gjerningar,lyder ordet frå Herren.Eg set eld på skogen i byen,og han skal øyda alt ikring.

Jeremia 21