1. Då Pasjkur Immersson, presten, som var øvste tilsynsmannen i Herrens hus, høyrde Jeremia bera fram denne spådomen,
2. lét han profeten Jeremia piska og sette han i blokka ved den øvre Benjamins-porten, som fører inn til Herrens hus.
3. Dagen etter sleppte Pasjkur Jeremia laus frå blokka. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje lenger Pasjkur, men «Redsle rundt ikring».
4. For så seier Herren: Eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for fiendesverd, medan du ser på. Og heile Juda vil eg gje i hendene på babylonarkongen. Han skal føra dei bort til Babylonia og hogga dei ned med sverd.
5. Og eg vil gje alt det dei eig i denne byen, all frukta av deira strev, alle deira dyre eigneluter og alle skattane åt Juda-kongane i hendene på fiendane deira. Dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babylonia.