Jeremia 2:13-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. For to vonde ting ¬har folket mitt gjort:Dei har gått bort frå meg,kjelda med levande vatn,og hogge seg brunnar,leke brunnar ¬som ikkje held vatn.

14. Er Israel ein træl,er han ein heimefødd træl?Kvifor har han vorte røva?

15. Unge løver brølte mot han,høgt lét dei røysta si ljoma.Landet hans vart gjort ¬til ei audn,byane vart brende, ¬så ingen kan bu der.

16. Jamvel menn ¬frå Nof og Takpanheshar gjort deg skallet.

17. Er du ikkje sjølv skuld i dettefordi du gjekk bort ¬frå Herren din Gudden tid han førte deg på vegen?

18. Kva hjelper det vel ¬at du fer til Egyptog vil drikka vatn or Nilen?Kva hjelper det ¬at du fer til Assurog vil drikka vatn or Eufrat?

19. Det er din eigen vondskap ¬som tuktar deg,ditt fråfall som fører til straff.Så må du då skjøna og sjåkor vondt og beiskt det erat du har gått bort ¬frå Herren din Gudog ikkje lenger har age for meg,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

Jeremia 2