5. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
6. Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.
7. Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde.
8. Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det.
9. Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta.
10. Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.
11. Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane:Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast!
12. Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.»
13. Difor seier Herren:Spør mellom folkeslaga:Kven har høyrt noko slikt?Det er fæle tingmøya Israel har gjort.
14. Kan snøen på Libanonbråna bort på det høge fjellet?Eller kan det kalde vatnetfrå framandt land turka ut?