9. Hjarta er meir svikefullt ¬enn noko anna,det kan ikkje lækjast.Kven skjønar seg på det?
10. Eg, Herren, er densom granskar hjarta ¬og prøver nyrer.Eg løner kvar og ein ¬etter hans ferd,etter frukta av hans gjerningar.
11. Lik ei rapphøne ¬som ligg på eggho ikkje sjølv har vorpe,er den som vinn rikdom ¬med urett.Midt i si levetid ¬må han gå frå hanog står der til sist som ein narr.
12. Ein herleg kongsstol,opphøgd frå den fyrste tid,er staden ¬der vår heilagdom står.
13. Herre, du Israels von,alle som går bort frå deg,skal verta til skammar;dei som vik frå deg i landet,skal skrivast opp.For dei har gått bort ¬frå Herren,kjelda med levande vatn.
14. Læk meg, Herre, ¬så vert eg lækt!Frels meg du, ¬så vert eg frelst!For du er min lovsong.