13. Difor vil eg kasta dykk bort frå dette landet til eit land som korkje de eller fedrane dykkar har kjent. Der skal de dyrka andre gudar både dag og natt. For eg vil ikkje visa dykk nåde.
14. Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal seia: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt,»
15. men: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane heim frå landet i nord og frå alle dei land han hadde drive dei bort til.» Eg vil føra dei heim att til deira eiga jord, som eg gav fedrane deira.
16. Eg sender bod etter mange fiskarar, lyder ordet frå Herren, og dei skal fiska dei. Sidan sender eg bod etter mange jegerar, og dei skal jaga dei bort frå kvart fjell og kvar haug og frå bergskortene.
17. For eg held auga med dei på alle deira vegar. Dei kan ikkje gøyma seg for meg, og deira misgjerning er ikkje duld for mine augo.