Jeremia 14:7-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Om våre misgjerningar ¬vitnar mot oss,så grip likevel inn ¬for ditt namn skuld, Herre!Gong på gong har vi falle fråog synda mot deg.

8. Herre, du som er Israels vonog frelsar i trengselstid,kvifor er du ¬som ein gjest i landet,lik ein ferdamann ¬som berre stoggar for ei natt?

9. Kvifor er du ¬som ein rådvill mann,lik ein krigar ¬som ikkje kan hjelpa?Du er då midt imellom oss, ¬Herre,ditt namn er nemnt over oss.Så gå ikkje frå oss!

10. Så seier Herren ¬om dette folket:Dei likar å flakka ikringog sparer ikkje føtene sine.Men Herren har ikkje ¬hugnad i dei.No vil han koma ¬deira misgjerning i hugog straffa dei for deira synder.

11. Herren sa til meg: Bed ikkje om at det skal gå dette folket vel!

Jeremia 14