Jeremia 12:7-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Eg har gått frå huset mittog gjeve opp arven min.Henne som eg elska,har eg gjeve i fiendevald.

8. Mitt eige folk har vorte for megsom ei løve i tette skogen.Dei brøler mot meg;difor har eg uvilje mot dei.

9. Er folket mitt ein spreklet fuglsom rovfuglar ¬samlar seg ikring?Lat alle villdyr i marka samlast,før dei hit, så dei kan eta!

10. Gjætarar i mengd ¬har herja min vingardog trakka ned mi odelsjord;dei har gjort mitt herlege land ¬til ei livlaus audn,

11. til ei sturande øydemark;uhyggjeleg audt ¬ligg det framføre meg.Heile landet er lagt i øyde,og ingen bryr seg om det.

12. Over alle dei snaue høgdene ¬i øydemarkakom herjande hopar.For Herren har eit sverd ¬som øyderfrå eine enden av landet til hin,så ingen skapning finn fred.

13. Dei sådde kveite ¬og haustar klunger,dei streva til inga nytte.Dei får berre skam av si avlingfordi Herren ¬er brennande harm.

Jeremia 12