2. Vend om, Israel, ¬til Herren din Gud,for synda di har ført deg til fall.
3. Kom med dei rette ord,vend om til Herren og sei:«Tilgjev all vår skuld,og ta imot vår gode gåve,så gjev vi deg lovsong ¬med våre lipper!
4. Assur kan ikkje hjelpa oss.Vi vil ikkje ri på hestarog ikkje lenger seia: Vår gud!til det våre hender har gjort.Hjå deg finn den farlause ¬miskunn.»
5. Eg vil lækja deira fråfall,og eg vil elska dei av hjarta,for vreiden min har vendt seg ¬frå dei.
6. Eg vil vera som dogg for Israel;han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea ¬på Libanon.
7. Hans renningar ¬skal breia seg utover,han skal vera fager ¬som oliventreetog anga som skogen ¬på Libanon.