Hosea 12:2-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Efraim trår etter vind,jagar heile dagen ¬etter austavind.Dei hopar opp lygn og vald.Dei gjer pakt med Assurog fører olje til Egypt.

3. Herren fører sak med Juda,han vil straffa Jakob ¬for hans ferd,gje han att for det han har gjort.

4. I mors liv heldt han bror sin ¬i hælen,i sin manndom ¬stridde han med Gud,

5. han stridde med engelen ¬og vann.Han gret og bad om nåde.I Betel møtte han Gud– der talar han med oss.

6. Herren, Allhærs Gud,Herren er hans namn.

7. Men du skal venda om ¬til din Gud.Hald fast på truskap og rett,set alltid di von til din Gud!

8. Kræmarfolket har falske vekter ¬i handa,det likar å gjera urett.

9. Efraim seier:«Eg har då vorte rik,eg har fått meg eigedom!Med alt mitt strev ¬har eg ikkje vorte skuldigi noko som er synd.»

Hosea 12