2. Der gjer han presteteneste i heilagdomen, i det sanne møteteltet, som ikkje er reist av menneske, men av Herren.
3. Kvar øvsteprest vert innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram.
4. Hadde han no vore på jorda, hadde han ikkje vore prest; for her er det andre som etter lova ber fram offergåvene.
5. Men dei gjer teneste ved eit telt som berre er ei etterlikning og ein skugge av det himmelske. Det ser vi av det ordet Moses fekk frå Gud då han skulle reisa møteteltet: «Sjå til at du gjer alt etter det førebiletet du fekk sjå på fjellet.»
6. Men no har Kristus fått ei mykje større presteteneste; for han er mellommann for ei pakt som er så mykje betre og kviler på betre lovnader.
7. For hadde det ikkje vore noko å utsetja på den fyrste pakta, hadde det ikkje vore grunn til å setja ei anna i staden.
8. Men Gud har noko å utsetja på henne når han seier til folket:Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren,då eg gjer ei ny paktmed Israels ætt og Judas ætt,