3. Han er utan far og utan mor og har inga ættetavle. Dagane hans har inga byrjing, og livet hans tek aldri ende. Slik er han eit bilete på Guds Son og vert verande prest for alltid.
4. Legg merke til kor stor han er, denne mannen som Abraham, patriarken, gav tiend av det beste hærfanget.
5. Rett nok skal dei av Levi søner som vert prestar, etter lova ta tiend av folket, det vil seia av sine eigne brør, endå desse er ætta frå Abraham.
6. Men Melkisedek, som ikkje er av deira ætt, tok tiend av Abraham og velsigna han som hadde fått Guds lovnader.
7. No kan ingen nekta for at den som vert velsigna, står lågare enn den som velsignar.
8. Elles er det døyelege menneske som tek tiend, men her er det ein som får det vitnemålet at han lever.
9. Ja, i og med Abraham har Levi, han som elles tek tiend, på sett og vis sjølv gjeve tiend.
10. For medan han endå var ein ufødd ætling, var han i ættefar sin då Melkisedek gjekk til møtes med Abraham.