Hebrearane 5:8-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Endå han var Son, lærte han lydnad av det han leid.

9. Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han;

10. Gud hadde då kalla han øvsteprest på Melkisedeks vis.

11. Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så trege til å høyra.

12. Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng einkvan som atter lærer dykk dei fyrste og grunnleggjande ting i Guds ord. De må ha mjølk og toler ikkje fast føde.

13. For den som får mjølk, ser ikkje djupt inn i bodskapen om rettferd; han er umogen.

14. Men fast føde er for dei mogne, for dei som med øving har vant sansane til å skilja mellom godt og vondt.

Hebrearane 5