5. Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud som sa til han:Du er son min,eg har født deg i dag.
6. Og som han seier ein annan stad:Du skal vera prest til evig tidpå Melkisedeks vis.
7. Då Jesus levde på jorda, bar han med høge rop og tårer fram bøner og naudrop til Gud som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han hadde age for Gud.
8. Endå han var Son, lærte han lydnad av det han leid.
9. Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han;
10. Gud hadde då kalla han øvsteprest på Melkisedeks vis.
11. Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så trege til å høyra.