6. Men Kristus var trufast som son, sett til å styra huset. Og hans hus er vi, så sant vi heilt til det siste held fast på frimodet og den vona vi rosar oss av.
7. Difor, som Den Heilage Ande seier:I dag, om de høyrer hans røyst,
8. så gjer ikkje hjarto dykkar ¬hardesom den gongen fedrane ¬dykkar trassa meg,den dagen dei eggja meg ¬i øydemarka.
9. Der eggja dei megog sette meg på prøve,
10. endå dei hadde sett ¬mine gjerningar i førti år.Difor fekk eg uvilje ¬mot denne ættaog sa: Dei fer alltid vilt ¬i sitt hjarta,dei kjenner ikkje mine vegar.
11. Så svor eg i min vreide:Dei skal aldri koma inn ¬til mi kvile!
12. Sjå til, brør, at ikkje nokon av dykk har eit vondt, vantruande hjarta, så han fell frå den levande Gud.
13. Set mot i kvarandre kvar dag så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg dåra av synda og verta forherda.
14. For vi har fått del i Kristus. Lat oss berre heilt til enden halda fast på det grunnlaget som vi hadde i den fyrste tida.