13. Set mot i kvarandre kvar dag så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg dåra av synda og verta forherda.
14. For vi har fått del i Kristus. Lat oss berre heilt til enden halda fast på det grunnlaget som vi hadde i den fyrste tida.
15. Når det heiter:I dag, om de høyrer hans røyst,så gjer ikkje hjarto dykkar ¬hardesom den gongen dei trassa meg,
16. kven var det då som høyrde, men likevel var trassige? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut or Egypt?
17. Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og fall døde om i øydemarka?