3. Men offera er kvart år ei påminning om synd.
4. For blod av oksar og bukkar kan umogeleg ta bort synder.
5. Difor seier Kristus når han stig inn i verda:Slaktoffer og gåve ¬ville du ikkje ha,men ein lekam laga du til meg;
6. brennoffer og syndoffer ¬hadde du ikkje hug på.
7. Då sa eg: Sjå, her kjem egog vil gjera din vilje, Gud.I bokrullen er det skrive ¬om meg.
8. Fyrst seier han: «Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,» endå det er slike offer som vert framborne etter lova.
9. Deretter seier han: «Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.» Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre.
10. På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle.
11. Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder.