7. Tvert imot skjøna dei at det var overlate til meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, liksom til Peter for dei omskorne.
8. For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for dei uomskorne.
9. Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som vert rekna for sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, då gav dei meg og Barnabas si hand til teikn på samfunn. Vi skulle gå til folkeslaga, dei til jødane.
10. Vi skulle berre hugsa på dei fattige, og det har eg alltid lagt vinn på å gjera.
11. Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for åtferda hans hadde dømt han.
12. Fyrst heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då det kom nokre frå Jakob, skilde han lag og heldt seg unna, av di han var redd dei omskorne.
13. På same måten hykla dei andre jødekristne, så jamvel Barnabas vart dregen med i hyklinga deira.
14. Men då eg såg at dei ikkje gjekk rett fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som jøde, men som heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?»
15. Vi er jødar av fødsel og er ikkje syndarar av heidningætt.
16. Men då vi skjøna at eit menneske ikkje vert rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Kristus Jesus, då trudde vi òg på Kristus Jesus, så vi kunne verta rettferdige for Gud ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar vert ikkje noko menneske rettferdig for Gud.
17. Men om det skulle syna seg at vi jødar òg er syndarar, når vi vil verta rettferdige i Kristus, vert ikkje Kristus då ein tenar for synda? Langt ifrå!
18. Byggjer eg opp att det som eg har rive ned, då kan det med rette seiast at eg er ein lovbrytar.